USA-turen

søndag 4. mai 2008

Lita oppdatering

Nå siste par vekene har det vært travle tider, men e nyter det! Me har begynt med multiengine teori og det e siste innspurten inn mot småflylappen.
I dag har e hatt ein veldig trivelig dag! Først sto e opp og kjørte rett ned til stranda, der me var ein 6-8 stykk. Me bada, kasta ball og prøvde oss på litt surfing. Med det resultat at e fikk gnagesår på brystvortene mine, skal bruke t skjorte neste gang.

Etter det var det rett bort på skulen og fly ein tur, øvde me på å forandre destinasjon i lufta, morro men nokså mykje å holde styr på. 

Så bar det bort til ein "bonfire" som heile gjengen her borte og ein del til kom på, tirvelig å treffe gamle og nye kjente (eller i mitt tilfelle nye og enda nyere kjente)
Me hadde mykje morro, bla med ein mikrobølgeovn som skulle kastes, me hadde CDer, aluminiumsfolie og ein mengde fyrverkeri i den. Me dansa den lokale varianten av swing (med noka grusomt vanskelige trinn) Og heilt på slutten av kvelden satt me fire stykker og skøyt paintball-kuler rett opp i lufta med sprettert og så om me blei truffet når de kom ned igjen. 

Ingen kommentarer: